
Gammel-Broder og folket hans
Dette er Sætra, ein del av den gamle garden Sørsætra, på 1960-talet. Den austre delen av våningshuset (til høgre på bildet) er frå Gammel-Broder si tid.
Siste frå historier
OLA RASMUSSEN MOLDE – KRAFTKAREN – del 2
I denne delen av forteljinga om Ola Rasmussen Molde skal du få møte dei seks eldste barna hans og etterkomarane deira gjennom eit par generasjonar. Ola fekk dottera Karen med Beret Johansdotter før han gifta seg, og ho fortel vi om først. Så følgjer historiene til dei fem eldste barna i ekteskapet med Helena Jonsdotter.…
OLA RASMUSSEN MOLDE – KRAFTKAREN – del 1
Ola Rasmussen Molde var ein kjent kar på Inderøya og nærområda ikring på 1800-talet. Folk kalla han vanligvis «Mollen». Han var strandsittar på Straumen og jekteskipper, men mest kjent var han kanskje for kjempekreftene sine. Ola Molde vart gift med Helene Jonsdotter og dei fekk ei stor etterslekt. Han var Gammel-Broder sin nest eldste bror.…
CHRISTOFFER PAVELS RASMUSSEN MOLDE
Christoffer var yngste broren hans Gammel-Broder. Det meste av hans historie er gjømt for oss. Berre nokre små gløtt har det vore mulig å samle i hop til ei lita forteljing. Så veit vi heldigvis noko meir om etterslekta hans. Dei har greidd å sette spor etter seg. Lite visste dei trulig om han Christoffer.…
Get new content delivered directly to your inbox.